Er eigentleg jenter dyktigare lesarar enn gutar?


Ja, det er dei, skal ein tru på resultata frå dei nasjonale prøvane. I dette blogginnlegget skal eg presentere artikkelen «Kjønnsforskjeller i lesing – et dybdedykk iresultatene fra nasjonale prøver på åttende trinn fra 2007 til 2011», skreve av Astrid Roe og Wenche Vagle (2012). Som du kanskje allereie har lese inne på NORD2600-bloggen, er eg ikkje den fyrste som har teke for meg denne artikkelen. Idunn Opdahl Kvarving skreiv i 2018 eit blogginnlegg med tittelen «Jenter er dyktigere lesere enn gutter», kor ho på framifrå vis synleggjorde kvifor artikkelen til Roe og Vagle (2012) er relevant den dag i dag. Eg skal difor freiste å gje eit tilskot til diskusjonen med eit sterkare fokus på dei nasjonale prøvane i seg sjølv. I kva slags grad mogeleggjer eigentleg desse testane ei måling av lesedugleik? Dette spørsmålet skal eg freiste å gje eit svar på, samstundes som at eg skal drøfte om denne artikkelen framleis er relevant for NORD2600-faget.

Mogeleggjer dei nasjonale prøvane innsikt i språkdugleikane til elevane?


Men fyrst må eg kanskje presentere artikkelen til deg, kjære lesar, så du faktisk veit kva me snakkar om. Artikkelen til Roe og Vagle (2012) inneheld naturlegvis ei innleiing og i den skriv dei at resultata frå leseprøvane blant dei unge har ein tendens til å lene seg i favør av jentene. Vidare fortel dei at dei skal freiste å sjå desse resultata i lys av dei norske PISA-dataa. Mot slutten av innleiinga legg dei fram spørsmåla dei søkjer svar på: Korleis skil lesekompetansen til jenter seg frå gutar sin? og Kva kjenneteiknar dei sterke og svake sidene ved jenter og gutar som lesarar?

I neste del av artikkelen presenterer Roe og Vagle (2012) materiale deira og metoden dei har valt. Rådataa er som nemnt tidlegare henta frå resultata av dei nasjonale prøvane, men i denne delen går Roe og Vagle (2012) meir i djupna kring oppbygginga til prøvane og innhaldet. Til dømes kjem det fram at dei nasjonale prøvane, altså oppgåvehefta, kvart år inneheld bortimot sju til åtte avslutta tekstar med eit synleg hovudtema. Det er tydelegvis teke høgde for at tekstane skal vere balansert kjønnsmessig sett. I tillegg er tekstane ikkje naudsynleg berre samansette tekstar. Dei kan vere utdrag frå romanar, eller eit kart eller ein graf. Også oppgåvene i seg sjølve kan bli inndelt i ulike kategoriar, i følge Roe og Vagle (2012). Dømesvis deler dei inn oppgåvene i fleirvalsoppgåver og opne oppgåver, kor elevane må skrive meir fritt. Andre oppgåvekategoriar er til dømes oppgåver kor elevane må finne informasjon, tolke og forstå teksten, og til slutt refleksjonsoppgåver, som kanskje er dei mest krevjande. Med desse kategoriane på plass har Roe og Vagle (2012) rekna seg fram til kor høy prosent av jenter og gutar som har fått rett svar på kvar av oppgåvene og det er dette som i hovudsak blir det tilarbeida datamateriale deira.

Når det kjem til metode har Roe og Vagle (2012) nytta ei kvantitativ tilnærming, som vil seie at dei studerer taldata og ikkje tekstdata. Dei kommenterer sjølve at tidlegare forsking i stor grad har vore av kvalitativ art og det kan verke som at dei vonar at ei kvantitativ tilnærming kan gje dei større mogelegheiter når det kjem til generalisering. Det vil seie at dei har valt kvantitativ metode fordi dei vonar at resultata skal kunne seie noko som kan gjelde i meir enn berre enkelttilfelle. Dei vil at resultata skal kunne gjelde for heile den norske populasjonen av elevar og dei resultata dei finn fram til er merkverdige. Til dømes finn Roe og Vagle (2012) at jenter klarer seg betre enn gutar heilskapleg sett. Nærare sett finn dei at jenter er dyktigare enn gutar særleg når det kjem til dei opne refleksjonsoppgåvene, men gutar er likevel stort sett jamgode med jenter når det kjem til grafar og tabellar, og til og med  betre enn jenter når det kjem til nyheitsgrafikkoppgåver. Med andre ord er jentene dyktigare med open refleksjon, medan gutane er jamgode med grafiske framstillingar og betre enn jenter særleg med nyheitsgrafikk. Desse funna kan, i følge Roe og Vagle (2012) ha noko å gjere med at jenter bruker meir av fritida si på å lese og særleg at dei les meir variert. I tillegg skriv dei at jenter stort sett har ei meir positiv haldning til lesing.

Nå som eg kort har presentert artikkelen til deg og kva slags funn han presenterer, vil eg ta deg med på ein aldri så liten refleksjonsreise. For er det slik at artikkelen til Roe og Vagle (2012) er relevant for emnet NORD2600: Norsk som literacy-fag? Og kva nytt kan me bidra med etter blogginnlegget til Kvarving (2018)?

«Bøker er eit unikt døme på bærbar magi» -Stephen King

For det fyrste er artikkelen til Roe og Vagle (2012) relevant fordi lese- og skrivedugleik er heilt grunnleggjande i samfunnet i dag. Atle Skaftun (2014) skriv i «Leseopplæring og fagenes literacy» at språklege eigenskapar, som til dømes lese- og skrivedugleik, er naudsynt for å kunne tenke ordentleg. Med andre ord er lesing og skriving livsviktig for å kunne fungere som eit tenkande menneske. Noko anna som gjer denne artikkelen relevant, er korleis han får fram korleis unge møter med vanskelege tekstar. Roe og Vagle (2012) skriv til dømes at det er fleire gutar som ikkje svarer på dei opne refleksjonsoppgåvene og etterlét dei blanke. Dette funnet trur eg kan vere interessant å sjå i samanheng med noko som Blau (2003, s. 24) skreiv, nærare sagt at dei tekstane som er mest verdt å lese, er dei tekstane me ikkje forstår. I denne samanhengen meiner eg at desse blanke svara kan tyde på eit potensiale for djupare forståing. Sjølvsagt er det sikkert nokre elevar som oppriktig ikkje forstår, men kva med dei som er kritisk og litt forvirra? Blau (2003, s. 22) skriv òg at forvirring kan vere eit teikn på lærepotensiale og autonomi. Då kan det vere at fleire av desse gutane eigentleg sit inne med kunnskap, men ikkje får vist det fram.

Dette reiser fleire spørsmål med tanke på dei nasjonale prøvane og korelis dei er utforma. Slik eg ser det kan det vere problematisk å tolke svara på dei nasjonale prøvane fordi dei kanskje ikkje fangar heile bilete. Ein anna som òg er kritisk til denne vurderingsforma er Odin Fauskevåg (2016, s. 18) og han skriv at nasjonale prøver er nyttige til å sette standardar med, men at dei ikkje omfamnar dømesvis allmenndanning, leselyst og kritisk lesing. Slik eg forstår dette, er det ikkje sikkert at dei nasjonale prøvane eigentleg måler det dei faktisk freistar å måle. Vidare skriv Fauskevåg (2016) at det er fare for at leseopplæringa kjem til å bli enno meir innretta mot prøveresultata og slik eg tolkar dette er dei nasjonale prøvane meir til skade enn til hjelp. Dei nasjonale prøvane gjer korkje eit heilskapleg inntrykk av språkeigenskapane til elevane eller eit sunt bidrag til leseopplæringa. Det blir med andre ord noko problematisk å basere ein studie av lese- og skrivedugleikar på resultata frå dei nasjonale prøvane.

Difor vil eg argumentere for at dei nasjonale prøvane må bli endra på. Denne forma for vurdering bidreg kanskje til ei generell kartlegging over korleis klassen ligg an, noko som kan vere nyttig, men kva meir enn det kan resultata seie oss? Jo da, jenter er dyktigare lesarar, men er dei eigentleg det? Viss me hadde gitt gutane meir tid til å sette seg inn i oppgåvene, hadde me då fått andre resultat? Kan ein verkeleg måle kor dyktig ein elev er til å lese og forstå på ein eller to timar? Og kva med danninga? Slutter liksom elevane å danne seg når dei kjem til åttande trinn eller niande eller tiande? Freistar me å fortelle elevane at dei skal vere fullt utlærte lesarar og skribentar i ein alder av tretten, fjorten, femten eller seksten år? Er dette oppnåelege mål å sette for ein ungdom? Nei, eg vil seie det er unaudsynleg. Samstundes forstår eg at elevane må få tilbakemelding på korleis dei gjer det med omsyn til lesing og skriving, men kan me ikkje finne ein anna måte å gje tilbakemelding på enn nasjonale prøvar? Slik eg ser det, er dei nasjonale prøvane meir eit reiskap for skoleleiinga og kunnskapsdepartementet enn for elevane.

Avslutningsvis vil eg berre seie at eg er heilt einig med Kvarving (2018) når ho til dømes skriv at det er fleire faktorar som spelar inn på korleis ein presterer innanfor lesing, uavhengig om du er gut eller jente, men eg saknar samstundes eit fokus på dei nasjonale prøvane i seg sjølve. Har ikkje Utdanningsdirektoratet eit forskaretisk og profesjonelt ansvar for at prøvane faktisk måler det ein freistar å måle? Det kjem ikkje til å hjelpe å lese fleire varierte tekstar, slik Kvarving (2018) foreslår, dersom prøven du blir testa med ikkje eigentleg måler det han skal måle. Eg vonar at Utdanningsdirektoratet revurderer måten dei testar lesedugleik på, for viss det berre er det spesifikke resultatet som skal vurderast og ikkje resten av den komplekse leseprosessen, kva for ein djupare innsikt i språkdugleikane til elevane kan me forvente oss då?



Kjeldeliste


Blau, S. D. (2003). Chapter 1 - Stories from the Classroom: Lessons on Learning Literature. I The Literature Workshop: Teaching Texts and Their Readers (s. 20-33). Portsmouth: Heinemann.

Fauskevåg, O. (1. februar 2016). Nasjonale prøver i lesing - eit godt mål på leseferdigheit? FoU i praksis, s. 1-21.

Kvarving, I. O. (14. oktober 2018). Jenter er dyktigere lesere enn gutter. Hentet fra De litterære vennene: https://delitteraerevennene1.wordpress.com/2018/10/14/jenter-er-dyktigere-lesere-enn-gutter/ [09.10.2019]

Roe, A., & Vagle, W. (juni, 2012). Kjønnsforskjeller i lesing – et dybdedykk i resultatene fra nasjonale prøver på åttende trinn fra 2007 til 2011. Norsk pedagogisk tidsskrift, s. 425-441.

Skaftun, A. (september, 2015). Leseopplæring og fagenes literacy. Nordic Journal of Literacy Research, s. 1-15.


Kommentarer

  1. Hei, Jakob!

    Takk for et oversiktlig og interessant blogginnlegg :) Artikkelen du presenterer er svært relevant og ikke minst spennende! Det er ingen hemmelighet at spørsmålet om jenter er bedre lesere enn gutter ofte blir tatt opp, da er det også spennende å se på hva som kan være grunnene til dette. Jeg synes også vinklingen din, med utgangspunkt i de nasjonale prøvene er av interesse. Du informerer selv om at artikkelen du presenterer er tidligere brukt, men at fokuspunktet i ditt innlegg ligger på de nasjonale prøvene. Dette er bra, da vi får frem flere syn og fokuspunkt. Du har også forstått bloggsjangerene svært godt, du skiver på en lett og reflektert måte, fint! Du har flere steder tatt frem relevant pensumlitteratur, som viser at du har kontroll. Det er en fin flyt når det kommer til kildeføring i løpende tekst, og litteraturlisten din er oversiktlig. Det er også veldig fint at du har tatt i bruk bilder, dette samsvarer fint med hva som burde være med i et blogginlegg.
    Strukturen på innlegget ditt er godt, jeg ville derimot kanskje hatt noen mellomoversikter som gjør det litt enklere for leseren å følge med i teksten. Jeg savner også at du skriver mer direkte hvordan denne artikkelen er relevant for nord2600-faget, da spesielt siden du ved to tilfeller i teksten skriver at du skal ta for deg dette.
    Til slutt er det bare å si flott jobbet! Lykke til videre med skrivingen :)

    SvarSlett
  2. Hei, Jakob!

    Veldig fint innlegg! Du starter innlegget ditt med et spørsmål i tittel, og svarer med den med en gang allerede i første setning. Dette er ikke bare en fin åpning, men også en del av teksten som går igjen i teksten: dialogen med leseren. Du henvender deg mye til leseren, både implisitt og eksplisitt. Dette er fint, og du gjør din egen stemme tydeligere. Dette gjør ikke bare at jeg føler meg som en aktiv del av teksten, men det gjør også at de andre forfatterne du skriver om kommer tydelig frem.

    De andre forfatterne er de du presenterer i litteraturlista. Når du bruker disse tekstene er det veldig tydelig at det er disse stemmene du bruker. Artikkelen som du presenterer i dette innlegget presenterer du fint og oversiktlig, både innhold og metode. Du bruker Blau for å ta se innholdet fra artikkelen med et annet perspektiv. Du er selv kritisk til de nasjonale prøvene, og bruker Fauskevåg til å utdype kritikken uten å miste egen stemme. Til slutt, men ikke minst diskuterer du med Kavring som tidligere har skrevet blogginnlegg om samme artikkel – som du både er enig i og som du bruker til å reflektere videre.

    Godt jobba!

    Øyvind Kristiansen

    SvarSlett

Legg inn en kommentar